Illustrasjonsbilde

Usynlege trådar i strikkekunsten

Annemor Sundsbø

Ei inspirasjonsbok for alle strikkeglade og alle som er interesserte i kleshistoria vår. Annemor Sundbø utforskar norsk strikketradisjon og kulturhistorie i “Usynlege trådar i strikkekunsten”. Med strikkemønster og diagram.

Annemor Sundbø er primus motor i strikkenettverk i Noreg og ein kjend kurshaldar i inn- og utland. Ho har nøsta opp tråden til den rike strikketradisjonen som finst i landet, og tilbake til den tida då kvinner nedla tusentals timar i spinning, strikking, lapping og bøting.

Boka inneheld også ca. 22 oppskrifter på enkle plagg og gåvegjenstandar – tøflar, grytelappar, handleddsvarmarar, vantar og vottar, småtussar og dyr, englar etc. Spennande teknikkar gjer at du kan strikke dette utan å bruke anna enn enkel rettstrikk! Diagram-ark viser ei mengd mønster i selbustrikk, frå stjerner og bordar til dyr- og fugle-mønster.

Aktuelt fra nettbutikken
  • Nyheter

    Les mer om våre inspirerende nyheter, nye oppskrifter og garnpakker på www.ull.no

  • Garn

    Se vårt store utvalg av ulike typer Hifa-garn i nettbutikken - www.ull.no

  • Ull

    Ull i flotte farger og variasjoner finner du i nettbutikken www.ull.no

  • Oppskrifter

    Du finner et stort utvalg av strikke- og hekleoppskrifter i vår nettbutikk www.ull.no